Søndag kveld var det allehelgensgudsteneste i Todalen kyrkje, der ein kjem saman for å minnast dei som har gått bort i løpet av det siste året. Borghild Talgø som er soknerådsleiar ønska velkomen til alle og spesielt til etterlatte som var invitert til å ta del i minnegudstenesta. Liturg var prost Vidar W. Rygh, som hadde med seg kateket Aud Brynhild Indset og organistvikar Bodil Kvam Åsbø under gudstenesta.

Kateket Aud Brynhild Indset tente lys for kvar enkelt saman med ei lita minnestund. Liturg var prost Vidar W. Rygh. Foto Jon Olav Ørsal
Det er 5 personar som har gått bort i Todalen sokn i løpet av det siste året. Dei 5 er Åse Grydeland Øyen, Johan Kvendset, Gudmund Hyldbakk, Sidsel Katlset Heimlund og Nils Øyen. For kvar enkelt var det lystenning og minnestund. Det var også høve for pårørande og andre til å tenne lys for dei som har gått bort. Takkoffer gikk i dag til kyrkjelydsarbeidet.
Vidare orienterte kateket Indset om at det i samband med sorgarbeidet er muleg å få nokon å samtale med på Kyrkjelydshuset – enten kateket eller prest. Her kan ein kontakte Kyrkjelydshuset. Det skal også opprettast ei sorggruppe som vil starte arbeidet i februar – også her kan ein kontakte Kyrkjelydshuset.

Etter gudstenesta var det kyrkjekaffe – frå ventre Liv Larsen, Karen Johanne Talgø, Synnøve Gjeldnes, Nils Gjeldnes, Vidar Sogge og Randi Sogge. Foto Jon Olav Ørsal
Neste gudsteneste i Todalen blir lysmessa som kjem tysdag 9. desember kl 19:30. Etter gudstenesta i dag var det samling med kyrkjekaffe i kyrkja.



