I helga har det nok vorte lys i mange julegraner rundt omkring i distriktet. Her i bygda er det første arrangementet ferdig medan det neste ventar sinare mot kveld. I Bekkerhagen bustadfelt har dei eigen julepåle som det etter kvart har vorte tradisjon å tenne lysa på.
Slik også i år, og i år varma nok gløggen ekstra godt etter som det var 12-13 kuldegrader og dermed skikkeleg fingerkaldt. Triveleg å samlast for å markere at jula er i eiming og adventstida startar opp.