Adventstida nærmar seg, og førstkomande søndag er det første søndag i advent. Med tanke på at dette har vore eit spesielt år, på grunn av Koronasituasjonen store delar av året, vil det vere viktigare enn på lenge å lyse litt opp i dagane fram mot julehøgtida.
Bekkerhagen Vel arrangerte lystenning av adventspålen sin i kveld. Dette er tredje året at adventspålen lyser opp i Bekkerhagen. Vertskap var Ingri Bruset og Kristian Gjeldnes. Det vart servert gløgg, brus og twist. Pålen som blir brukt var tidlegare brukt til internettantenna, men da det vart lagt inn fiber for nokre år sida, vart pålen ståande ubrukt. Det var da ideen om å lage ein adventspåle dukka opp.
Så i 2018 vart adventspålen lyssett for første gong, og i kveld var det altså klart for tenning for tredje gong, til glede for heile Bekkerhagen.