Måndag 14. oktober kl. 19:00 inviterer Todalen historielag til temakveld kveld i Todalen ungdomshus. Denne kvelden er det namn langs Toåa som er hovudaktiviteten, men det blir vist mykje bilder på storskjerm og i fotoalbumar, så det kan eigentleg bli litt tå kvart denne kvelden, seier leiar i historielaget John Moe. Vi er rett og slett ute etter å skaffe oss info om ting som vi ikkje veit nok om.
Vi håpar sjølvssagt at mange har høve til å kome og ta del i arbeidet med å samle inn historiske data, stadnamn og namn på folk. Vi har god erfaring med å få fleire til å ta del i dette arbeidet, og det er alltid slik at fleire veit meir enn ein åleine. Todalen historielag byr på kaffe og bakels og sjølvsagt er alle velkomne på temakvelden!