Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Temakveld om bunadene våre

Dordi Jorunn Halle Tysdag 3. oktober 2023

Husflidslaga i Surnadal og Rindal arrangerer temakveld om bunadene våre laurdag 7. oktober i Surnadal kulturhus. Arrangementet startar kl. 17:30 med utstilling. Temakveld med kåseri og underhaldning i Storstuå kl. 19:00.

Arrangøren skriv: Vi ønsker alle velkomne til å sjå og høyre historia om Nordmørsbunaden, Farstadvesten og Rindalsbunaden.

I foajen blir det utstilling av bunader og bunadsplagg frå gamle dagar og fram til i dag, både mannsbunader og kvinnebunader.

I Storstuå blir det kåseri og biletframsyning ved Grete Farstad Hjertaker, Unni Irmelin Kvam og Ole Kristian Gumdersen.

Utlodding, og hovudgevinsten er ei bunadsskjorte sydd etter mål.

Billettar kan kjøpast på surnadal-kulturhus.no eller i resepsjonen.

Husflidslaga ønsker alle vel møtt!

Grete Farstad Hjertaker og Ole Kristian Gundersen under open dag på Straumsnes bygdemuseum i 2022. Foto: Magnus Rakeng for Bunadspodden.

Publisert: 3. oktober 2023, 21:55