Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Historisk temakveld på Åsen bygdemuseum

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 18. november 2024
 
Onsdag 27. november klokka 18:00 inviterer Stangvik historielag ved Erling Myrbostad og Torbjørn Polden til historisk temakveld på Åsen bygdemuseum. Temaet denne gongen er glimt frå Åsen og området ikring. 
 
Båe har vakse opp i nærleiken og har ei sterk interesse for arbeid med lokalhistorie og slektshistorie.
I lag med Lars Steinar Ansnes har dei tidlegare gjeve ut bokserien «Under Skarfjellet», som tek for seg lokalhistoria frå Eidet og Lykkjebygda i Surnadal.
Med utgangspunkt tittelen  «Åsen i gamle dagar» vil ein denne kvelden få høyre om gardar og husmannsplassar på Åsen på 1600, 1700, og 1800-talet. Dei vil også kome inn på stadnamn og plassar, som kanskje har gått i gløymeboka? I tilknyting til gardane og plassane fanst sag, løer og kverner, som det også vil bli fortalt om denne kvelden.
Garden Åsen har ei mangfaldig historie gjennom tida som gardsbruk, skysstasjon og aldersheim og bureisinga sette etter kvart sitt preg på områda ikring. Dette er også tema ein vil kome innom.
Inngang kroner 100,-, som inkluderer kaffe og noko å bite i!
 Arrangørane ønsker velkomen til temakveld i fjøset på Åsen!
 

Medlem i Todalen.no –


Publisert: 18. november 2024, 19:13