Laurdag 19. november arrangerer Indre Nordmøre Forsvarsforening temadag om beredskap i Sanitetshuset. Det å være i beredskap handlar om å være forberedt, og ledar i INF Olav Jostein Holten fortel at årets temamøte er lagt til Todalen denne gongen. Til foredragshaldar har dei fått Anne-Lise Johnsen frå Eide til å kome til Todalen for å orientere om beredskap.
Anne-Lise Johnsen er ledar i Kvinners Frivillige Beredskap og er ein kapasitet som er særs interessant å høyre på, fortel Olav Jostein Holten til Todalen.no. Kvinners Frivillige beredskap har eit utstrakt samarbeid med Norges Bygdekvinnelag.
Tema for møtet er såvel eigenberedskap som naboberedskap, totalforsvarstanken og psykiatrisk beredskap. Johnsen har eit interessant bodskap med seg når ho kjem til Todalen førstkomande laurdag, seier Holten.
Møtet er ope for alle, både karra og kvinnfolk, og dei lokkar med enkel servering på møtet.