Basestasjonen som Telia har i Todalen har vore ute av drift sia tysdag ettermiddag. Det pågår feilsøk, og Telia reknar med at dei skal få retta feilen i løpet av onsdagen.
Dersom du stiller om telefonen til å bruke wifi-samtalen kan telefonen brukast til samtalar når du har tilgang til wifi-nett. Dette blir gjort på litt forskjellige måtar, så det lønner seg å finne fram brukarhandboka for telefonen.