Denne veka skal Oslofirmaet OneCo fullføre oppgraderinga av basestasjonen i Todalen. Basen ligg på Halset, og i disse dager blir altså alt utstyret skifta ut med nytt, slik at det blir ein topp moderne basestasjon som skal forsyne Telias kunder med telefon og datasignal som oppfyller dagens krav.
Det monteres nye antenner og nytt sentralutstyr, og i tillegg vil det bli ein vesentleg kapasitetsauke på batteriekapasiteten. No blir det slutt på at mobilnetter detter ut etter ein halvtimes tid på grunn av strømstans o.l. Dette er krav som myndighetene sett til driftssikkerhet og med tanke på beredskap.
Montørane frå OneCo forsikrar om at telefonbrukarane kjem ikkje til å merke noko til monteringsarbeidet som no pågår på Halset. Men dei kjem kanskje til å merke at 4G symbolet slår ut på telefonen når dei testar anlegget etter at det er ferdigmontert. Vi kjem nok att med info når 4G blir køyrt i gang som permanent løysing!
Utstyrer blir ferdig montert i løpet av eit par dagar, men montørane var litt usikker på når oppgraderinga kjem på lufta. Det er nemleg litt avhengig av avtalar og lisensar som er knytta til anlegget.