Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Telia nettet vil vere ute av drift til fredag 16. mai

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 14. mai 2025

Vi har i ettrmiddag vore i kontakt med Telia sitt kundesenter, for å høyrer når ein kan forvente at mobilnettet til Telia i Todalen er operativt igjen. Telia kunne fortelje at nettet vil vere operativt att frå fredag 16. mai klokka 11:00. Om dette stemmer, eller berre er eit nytt estimat attstår å sjå, men ein får leve i håpet!

Vi har også vore i kontakt med ordførar Hugo Pedersen i Surnadal kommune. Han og beredskapsleiar i kommunen, Råg Ranes i kommunen har også vore i kontakt med Telia, for å prøve å få fortgang i arbeidet med å rette feilen. Dei fekk også same beskjed, at nettet vil vere operativt frå fredag 16. mai klokka 11:00. 

Har ein wifi og sett telefonen på wifi-anrop vil det vere mogleg å ringe og å motta samtalar. 

Publisert: 14. mai 2025, 17:20