Siste estimat for feilretting av Telia-nettet er no flytta til måndag kveld klokka 22:38. Om dette er eit truverdig tidspunkt står att å sjå, men det er lov å håpe. Sjå Telia sitt dekningskart her.
Dei fleste mobiltelefonar i dag er utstyrt med wifi anrop, noko som gjer at ein kan bruke telefonen så lenge ein har tilgang til internett. Det ein må hugse på er å slå på denne funksjonen på telefonen, da standardinnstillinga ofte er at dette er slått av. Wifi anrop finn ein i innstillingane for telefonen.