Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Telia-nettet er nede i Todalen

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 12. mai 2025

Telia-nettet i Todalen er nede melder Telia. Det er feil på 5G, RG og 2G sendarane i Todalen, noko som inneber at det ikkje er mobildekning. Telia kan ikkje seie eksakt når feilen er retta, men estimatet akkurat no er innan klokka 21:30 i kveld. 

Det bør vere håp om at feilen er retta lenge før dette, men sikker kan ein ikkje vere!

Aktiverer ein Wi-Fi-anrop på telefonen, kan ein ringe når ein har tilgang på Wi-Fi-signal. 

Da får vi håpe Telia greier å rette opp feilen i god tid før estimert rettetidspunkt!

www.telia.no/nett/dekning

Publisert: 12. mai 2025, 07:39