Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Telia med 4G: – No går det så det griner!

Jon Olav Ørsal Sundag 14. mai 2017

Denne helga har det pågått oppgradering av Telias basestasjon i Todalen. Som vi har skrive om tidlegare så er batterikapasiteten auka med tanke på straumbrot – no er kravet frå myndighetene at sentralen skal kunne levere tenester minst i 4 timar.  I den nye basestasjonen er no batterikapasiteten mangdobla.

No blir det skikkeleg batteri backup med tanke på straumbrot. På batteria skal det være nok straum til å drifte basestasjonen i minst 4 timar. Foto: Jon olav Ørsal

I tillegg er altså basestasjonen oppgradert til 4G – det vil seie at den kan levere hastighet på opptil 50 megabits, og det vil nok merkes når du surfer på telefon eller iPad’n dersom du har telefonkort.  Anlegget er alt kome i drift, du kan no nyte at det har vorte større fart.

Monteringsarbeidet er det far og sønn Eriksson som har utført – faren Ronny og sonen Andreas kjem frå Sverige, men har mesta gjort nordmenn av seg. Dei driv med monteringsarbeid for firmaet UB Connect, og har delteke i oppgraderingsarbeidet i heile Midt-Norge. Og sjølvsagt snakk om utstyr frå den svenske mobilgiganten Ericsson, men dei benektar at det er dei som står bak der 🙂

 

Publisert: 14. mai 2017, 17:47