Dagens befalsvakt i Surnadal kommune, Tor Arne Moen har no i kveld vore i Todalen og levert ein av Surnadal komune sine satelitt-telefonar til utrykningsleiar Ivar Bolme i Todalen brannnkorps. Ivar vil til bygda får tilbake telefonforbindelsen vere mellomleddet for den som treng øyeblikkeleg hjelp av politi, brann eller ambulanse.
Satelitt-telefonen er stasjonert i Holbakken, og Tor Arne Moen oppfordrar alle med jaktradioar til å stille desse på jakt l 1, for å komme i kontakt med Ivar som i nødsituasjon kan viareformidle til AMK-sentralen, 110-sentralen og befalsvakta i Surnadal.
Eit telefonnummer som kan vera verdt å notere seg, også ved seinare anledningar, er direkte nummeret til befalsvakta i Surnadal kommune :416 35 388.
Skulle det være fleire grender utafor Todalen som også er utan forbindelse, ber befalsvakta at dette blir varsla om, slik at beredsskapen også der blir iverksatt. Tor Arne Moen oppfordrar at denne informasjonen no blir spredt til dei som ikkje er så flittige i dei ulike internettkanalane, slik at særleg eldre i bygda ikkje legg seg til med otte mot natta.