Onsdag hadde byggdivisjonen ved Talgø MøreTre AS ferieavslutning for sine tilsette. Da vart det tid til samling på gammelfabrikken for litt informasjon og litt grillmat for heile gjengen. Divisjonssjef Svein Løvik orienterte dei tilsette om «rikets tilstand» og utsiktene for hausten. Han orienterte også om plana for utbygging av både royalanlegg og modernisering og utviding av elementfabrikken, samt modernisering og digitalisering av driftssystem/teknologi ved bedrifta.
Som leiar av byggdivisjonen ved Talgø er Svein Løvik glad for at det er mange prosjekt på gang, både i nærområdet og Kolvereid/Rørvik-området der bedrifta er sterkt inne i fleire prosjekt. Det er satsa både på leiligheter, fritidshus/bustader, landbrukshus og på større prosjekt saman med andre.
Erling Talgø som er aktiv på salg og utvikling orienterte mannskapet om prosjekta som Talgø MøreTre er involvert i. Det første av store prosjekt er Damlia ved Flatåsen, og Jørihaugen Vest på Frei, som begge er store prosjekt som vil gå over noko tid. Som sagt er det eit stort engasjement i Rørvikområdet, og fleire andre. Talgø orienterte også om arbeidet med HMS-arbeidet og kvalitetssikring i alle ledd. I produksjonen er det stor aktivitet, og til hausten blir det montert mykje nytt produksjonsutstyr som vil effektivisere drifta ytterligare. Spesielt gjel dette elementproduksjon, der det etter kvart blir 3 effektive produksjonslinjer i den nye elementfabrikken i Todalen.