Talgø MøreTre i Surnadal og Fannrembedrifta Orkel har på ein måte «funne kvarandre». Begge selskapa har funne ut at det ligg store verdiar i avfall og begge har gjort noko med det. Hos Talgø MøreTre går det rundt 100.000 m3 med trelast gjennom høvleriet, som lagar rundt 25.000 m3 spon som avfall frå produksjonen. Orkel har sia 80-talet laga rundballpresser, og har dei siste åra utvikla presser som pakkar mykje anna enn gras i rundballane.
Den eine parten har altså utfordingane med avfallet, medan den andre parten har løysinga. Todalingen Peder Kvendset er salssjef hos Orkel, og han såg moglegheita for løysing på avfallsproblemet hos MøreTre. Orkel lagar nemleg ballpresser til meir enn graspressing. Dei har utvikla ei presse som kan handtere meir enn 30 forskjellige materialar, og kan lage ballar med forskjellig presstrykk og vekt. Maskina pressa ein ball i minuttet under testkjøringa.
Peder fortel at Orkel sel slike presser over heile verda – faktisk til 60 land i 6 verdsdelar og har rundt 600 slike presser «på jobb» rundt i verda. Pressa som vart vist i Surnadal er same modell som er bruka til å presse fôrmais i Mongolia. Der blir pressene frakta rundt på gardane, omtrent slik som dei for rundt med treskjeverka her i gamle dagar. Da har dei med ein modul som leverer straum til drifta, fortel Peder.
Han fortel vidare at andre modellar er utvikla for å presse avfall og plast. Når det blir pakka blir det enkelt å handtere avfallet, og slik pakking har stor betydning rein logistikkmessig. – Peder legg til at plast på avvegar er eit problem, medan plast i bruk er nyttig.
Det er rundt 100 personar på Fannrembedrifta, og all produktutvikling for Orkel skjer der, medan ein del av produksjonen skjer i utlandet. Over halvparten av produksjonen går til Asia, og Peder har over 100 reisedøgn i året – mykje av det til Kina. – Eg har vore i Kina i til saman eitt år dei siste 6 åra.
Elmer Talgø som er prosjektleiar for sponprosjektet i Talgø MøreTre har invitert mange potensielle sponbrukar til denne demonstrasjonsdagen som går føre seg ute ved sponlageret. Det er folk frå heile Nordmøre i tillegg til Trøndelag. Den store fordelen med slik sponpakking er at ein på heile prosessen kan ha lettvint og rasjonell handtering av strøballane.