Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tek oppatt tradisjonen med landbrukskonferanse

Jon Olav Ørsal Fredag 4. oktober 2024

Den første landbrukskonferansen var i 2011, og etterpå var det arrangement annakvart år fram til 2019 – og så kom pandemien og rota til.  Men no er det omsider ny landbrukskonferanse på gang i Surnadal, og det skje i Surnadal kulturhus torsdag 7. november.  Sett av dagen!

Saman med landbruksnæringa har vi fått i stand eit allsidig program som burde interessere alle som er interessert både i landbruk og i næringspolitikk.  Vi kan berre nemne vekstskifte, naturmangfald, alternativ tenking og ikkje minst framtidstankar.  På plakaten har vi fått med mange interessante innleiarar som både vil by på seg sjølv og på faget dei representerer – følgjer du linken så finn du både innleiarane og kva dei står for. 

Programmet varer heile dagen ut, og startar kl. 10 når Allan Troelsen ønskjer velkomen.  Sidan går det slag i slag utover dagen med lunsj kl. 12.45 og avslutning kl. 16.15.  – følgjer du linken her så finn du heile programmet for landbrukskonferansen. 
Kven bør ta del i konferansen?  Det er sjølvsagt alle som har sitt levebrød frå landbruksnæringa – enten du saknar eit fagmiljø å ta del i eller om du er interessert i næringspolitikk.  Bondeyrket har lett for å bli einsamt, så det er eit behov både for sosial kontakt og for påfyll av fagkunnskap og info frå kollegar og andre ressurspersonar.  Anne Saltrø Polden er konferansier, og vil lose oss gjennom Landbrukskonferansen 2024.  Meld deg på her!

Publisert: 4. oktober 2024, 13:04