Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tek kontroll på isen utover stranda

Jon Olav Ørsal Måndag 13. januar 2025

Ranes Maskin ryddar plass til isen utover stranda frå Drivhammaren og utover i retning Hjellneskrysset.  I den kalde perioden som har vore den siste tida har det samla seg opp utruleg mykje is, og i dag er Geir Magne Bredesen frå Ranes Maskin i gang med å rydde vekk isen.

Geir Magne Bredesen i Ranes Maskin skal rydde is utover heile stranda til Hjellnesvegen. Foto Jon Olav Ørsal

Erfaringsvis kan det oppstå farlege situasjonar når slike ismengdar ramlar ned i vegkanten og innover vegbanen . slik kan det oppstå farlege situasjonar når isen kjem brått på, fortel Bredesen. Samtidig som han skraper ned is frå dei høge vegkantane så ryddar han plass til meir is i vegkanten – ein del av ismassane blir flytta nedom glidekanten må sjøsida.   

Varsel om vegarbeid står ved Drivhammaren, og gjeld utover heile stranda til Hjellnesvegen. Foto Jon Olav Ørsal

Hovudvegen innover til Todalen har nok vore salta, for det er relativt bra føre, sjølv om det er tendensar til isdekke innover stranda og rundt bygda.  På gardsvegene er det enno snødekke, men her vil det nok bli glatte vegar etter kvart som regnet aukar på.  

Her blir det plass til mykje is etter kvart som grøftkanten blir rydda innover heile stranda. Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 13. januar 2025, 12:00