Ordførar i Surnadal kommune, Margrethe Svinvik, offentleggjorde i dag, på sin eigen Facebookprofil, at ho ikkje stiller som ordførarkandidat for Surnadal Senterparti til kommunevalet neste haust.
Dette seier Svinvik om avgjerda si på Facebook:
Eg har hatt 20 år som lokalpolitikar, dei siste tre spennande, interessante og lærerike åra som ordførar. Eg er takknemleg for den tilliten som er vist meg og at partiet mitt ønskjer at eg skal stille som ordførarkandidat i neste valperiode.
Likevel har eg no bestemt meg for å ikkje bli med vidare.
Den viktigaste grunnen til at eg ikkje tek attval, er arbeidet med Todalsfjordprosjektet, der eg er inhabil. Det er krevjande å måtte vege orda sine i alle samanhengar der dette kjem opp som tema. Det er også uheldig at ein ordførar ikkje står fritt til å ytre meiningar om eit så omfattande prosjekt for regionen.
Så er det utruleg mange grunnar til at det er artig og meiningsfullt å få vere ordførar; møte med innbyggjarar, vere tett på næringslivet, oppleve kulturlivet, sette pris på naturressursane, utvikle tenestene våre, reise i kommunen, reise utanfor kommunen, kjekke politikarkollegaer og dyktig administrasjon.
Eg vil fortsette til neste haust med motivasjon og vilje til å gjere mitt beste for Surnadal kommune. Så er eg sikker på at det vil bli mange engasjerte politikarar som stiller opp i neste periode, og det er berre å melde seg til teneste for den som har lyst😄