Kalla Skrøvset var tante til Odd Skrøvset. No har Odd fått jobben med å ta fram i dagen igjen kunsten som Kalla måla rett på veggane i Kalla-rommet på Surnadal Hotell. Kunsten pryda nemleg veggane i rommet som låg innafor stua på hotellet, og Kalla-rommet var mykje utleid som møterom. Men da hotellet vart bygd ut vart heile denne fløya revet for å gi plass til eit nytt og tidsmessig bygg – der mellom anna restauranten Horisonten ligg i dag.
Men veggdekorasjonane som Kalla Skrøvset måla direkte på veggen er datert 1950-1951, og består av eit stort utval motiv som tilsaman pryda veggane i Kalla-rommet. Den denne fløya vart revet vart det gjort eit iherdig forsøk på å ta vare på platene med måleri på. Nokre vart berge nokon lunde heile, medan andre nok vart skadd og delvis øydelagt i denne prosessen da platene var utruleg sprø og tålte lite.
No har Odd Skrøvset altså fått jobben med å prøve å rekontruere og restaurere nokre av motiva. Odd har alliert seg med Olav Karlstad som har erfaring med slikt frå konstforeninga, og saman har dei to jobba i fleire dagar med å ta utsnitt og lage enkeltbilder av dei motiva som egnar seg til det. Tilsaman har dei laga 11 enkeltbilder – både små og store og faktisk fått til å ta vare på mykje av plåtebitane.
Det har vore som å bla i ei historiebok seier Odd, og viser fram bilda som viser eit breidt utval av motiv frå livet i bygda på den tida motiva vart måla, og di viser kva folk heldt på med den tida. Han fortel vidare at det også skal bli høve til å sjå bileta for publikum etter kvart. Dei skal nemleg stillast ut i Kallastua den 5. august – som eit av hovudtemaene under denne utstillinga.