Skuleelevane har no teke velfortjent sommarferie, men før dei reiste heim pussa gutane i 5. og 6. klasse opp uversskuret ved Todalen Oppvekstsenter. Dei dekorerte innvendig med inspirasjon av livet i havet. Og resultaet vart imponerande. Foto er frå Todalen og Stangvik Oppvekstsenter si facebookside. Ei side der dei legg ut bilder frå smått og stort som elevane held på med igjennom eit skuleår. Gå inn og lik dei om du er på facebook: Todalen og Stangvik Oppvekstsenter
Alt planlagt ned til minste detalj. Erik Kårvatn og Sindre Bruset her med grovskissene.
Etter kvart med meir og meir detaljar.
Undervegs i arbeidet, med ein pust i bakken.
Og resultatet vart kjempebra, med mange fine detaljar.