«Team hit and hope» med Rune Lønnum og Kari Lise Kongshaug frå Kristiansund og Omegn Golfklubb gjekk til topps i «Svorka Mini Maraton 2021». Det var Surnadal Golfklubb som stod som arrangør av turneringa på Surnadal golfpark på Mo laurdag. Turneringa var ei såkalla parturnering og vart spela 3 rundar av 9 hål.
Det var totalt 26 par (52 spelarar) som deltok i turneringa, noko som betyr at påmeldinga var fullteikna. «Team hit and Hope» vart altså vinnarar med «Settemsdal/Forbregd» og «Drive green» på andre- og tredjeplass. Komplett resultatliste finn du ved å trykke på lenka: Resultatliste – «Svorka Mini Maraton 2021»
Turneringa vart spela i strålande haustvêr, med sol og god temperatur, på ein nypreparerrt og perfekt Surnadal golfpark.
Vi har tidlegare skrive litt om «Hals Oils Fanclub» som deltok i turneringa laurdag, dei vart til slutt nummer 11.
Ved å gå inn på Surnadal Golfklubb si Facebookside: «Surnadal Golfklubb på Facebook» finn du fleire bilete og omtale av gårsdagens turnering.