Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Teakwondoarane tok turen til Todalen og Reiret

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 2. august 2023

Denne veka arrangerer Surnadal Teakwondoklubb sommarleir i Surnadal med rundt 400 deltakarar. Sjølv om mykje dreier seg om teakwondo desse dagane, så har arrangøren også lagt til rette for mange andre aktivitetar deltakarane kan delta på. Vi kan nemne strikkekaffe hos Design by Marte Helgetun, Østbødalen gym og favntak, tur på Reiret i Todalen og omvisning med servering på Todalshytta.  

I dag var 42 av deltakarane på sommarleiren med på turen frå Innerdalsmerket til Reiret og ned att Huslia. På Reiret var kjentmennann Ragnar Halle, med assistent Markus Bolme, møtt fram for å fortelje om området. – Ragnar har vore jeger og fangstmann i dette området i mange år, og er difor særs godt kjent her, fortel turguide og ein av arrangørane av sommarleiren, Kjell Gunnar Polden. 

I morgon skal 25 av deltakarane på sommarleiren til Todalshytta for omvisning og servering kan Kjell Gunnar fortelje. 

Som ein ser, så er sommarleiren mykje meir enn berre teakwondo, og skaper aktivitet i lokalsamfunnet i heile kommunen, avsluttar han. 

Publisert: 2. august 2023, 19:05