Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Talgøleigmålet fra Todalen historielag

Mari B. Redalen Måndag 27. april 2020

Ragnhild og Ingri har satt sammen nokon gamle bileter til oss denne veka også, dei skriv:

I dag har vi samla nokre bilete frå Talgøleigmålet
I «Seterbok for Todalen» av Bernt Bøe kan du lesa meir fyldig omtale om emnet.

Vi har sett saman bilete av setrene/hyttene og folk i ulike motiv frå kvart leigmål. Frå nokre leigmål har vi mange bilete, frå andre finst det lite i arkivet. Håpet vårt er at dette arkivet kan bli så omfattande som muleg, det er mykje historie frå ei tid der setra og seterdrifta var særs viktig for forfedrane våre. Vi håpar at når vi har fått normale tilstandar, tek de kontakt med oss, og så kan vi kanskje få arkivet så stort og mangfaldig som det let seg gjera. Vi har ei fantastisk bok om setrene og seterlivet i Todalen som Bernt Bøe har forfatta. Henvend deg til Todalen historielag så får du kjøpt boka, viss du ikkje allereie har ho.

Viss du finn faktafeil og har andre opplysningar om bileta, ta gjerne kontakt med ingri.bruset@gmail.com eller ragnhild.ansnes.moe@pipelife.com .

Helsing Ingri og Ragnhild

 

 

Først publisert: 27. april 2020, 05:00 - Sist oppdatert: 26. april 2020, 20:36