På fredag kunne driftsleiar for Toåa tursti, Ivar Bolme på vegne av Todalen Idrettslag overta den nye garasjen Talgø Bygg har bygd og sponsa turstien med. Den nye garasjen skal huse kantslåmaskina og slodden som blir brukt for å halde turstien velstelt gjennom sommarsesongen.
Garasjen skal stå ved stien net til Slåttøya, og til våren blir det dugnad for å ordne fundament til garasjen fortel Ivar Bolme. Da kan både kantslåmaskina og slodden parkerast under tak når dei ikkje blir bruka om sommaren også. På vintren vil dei, som no, bli parkert i reiskapshuset på Bordholmen stadion.
Ivar vil på vegene av Todalen Idrettslag og Toåa tursti rette ein stor takk til Talgø Bygg for sponsing og bygging av den nye garasjen!