Talgø satsar vidare på Terråk i Bindal kommune – i disse dager rustes butikken til Bygger’n Bindal opp til å bli ein moderne byggvarebutikk etter dagens krav. Etter at det nye Coop-bygget kom er det naturlig å lage eit felles torg mellom Terråk Servicesenter, der Bygger’n Bindal er lokalisert, og Coop Markeds nye butikk. Dermed er butikken endevendt, og heile sentret er i ferd med å få nye innganger inn mot torget.
Bindalsbygg har hatt mange oppdrag rundt omkring i Rørvik/Kolvereid-distriktet og har i løpet av den siste tiårsperioden dobla omsetninga. Etter oppkjøpet av Bindalslaft AS har omsetninga fått eit skikkeleg løft det siste året, og opplever skikkeleg vekst. Eit stort prosjekt som no er på gang er bygging av nytt reiskapshus/lager for Bindal kommune. Det bygges ovafor sentrum ved innfarten til Terråk, og er på mellom 5- og 600 m2 – eit prosjekt til rundt rundt 11,0 mill. i haust
I tillegg skal det investeres i nytt lager for eige bruk for Bindalsbygg – det er også eit prosjekt på rundt 600 m2, og blir nytt kaldlager for butikken på Terråk som bygges i løpet av hausten.