I dag orienterte Talgø om si satsing i Todalen og Surnadal dei tre-fire neste åra. Eit fulltallig pressekorps var invitert til pressekonferanse der Talgø og Innovasjon Norge fortalte om investering på til saman 120 mill. dei komande åra. Dersom alt går etter planane skal det gje rundt 50 nye arbeidsplassar til saman i Todalen og Surnadal. Dette er den største satsinga vi nokon gong har gjort i Talgøs 118-årige historie, sa Terje Talgø.
Det var Terje Talgø som leia pressekonferansen og han var stolt av å kunne legge fram plan for storsatsinga. Det betyr ny elementfabrikk i Todalen som snart er innflyttingsklar, og som er lokalisert til store gule lagerbygget på rundt 5000 m2. Hovudårsaka til at elementfabrikken flyttes til Todalen er at det er mykje plass – heile fabrikken er på rund 14.000 m2. Elementfabrikken har dei siste åra vore lokalisert til Trollheim-bygget, men det bygget er på rundt 3000 m2 og det er for lite plass.
På fabrikkanlegget i Surnadal er det planar om 2 nye bygg – eitt på 3.000 m2 og eit på 4.000. Det eine er nye fabrikk for MøreRoyal-behandling, og det andre er lagerbygning. Den store satsinga på 120,0 mill skal finansierast saman med Innovasjon Norge, Surnadal Sparebank og med eigenkapital i Talgø. Terje Talgø fortalte om langsiktig og godt samarbeid med både Innovasjon Norge og med banken. Innovasjon Norge yter rundt 45 mill., og 8,3 mill i tilskot til prosjektet og resten er det Surnadal Sparebank og Talgø som bidreg med.
Alfred Øverland orienterte litt om grunnen til at Innovasjon Norge går inn så tungt i prosjektet. Bygg i massivtre er i tiden, og er eit produkt på rett veg i miljøsamanheng. At Talgø har vektlagt miljødelen i så stor utstrekning har også hatt stor betydning for behandlinga av søknaden, sa Øverland, som fortalte at dette var den største satsinga som Innovasjon Norge nokon gong har gjort på fastlands-Nordmøre. – Vi er i ferd med å ta inn forspranget til Aust-Europa på boligområdet, og det kan etter kvart gi store tal til norsk industri, sa Øverland.
Banksjef Allan Troelsen sa at han lika at Talgø stadig søker mot nye marked og at bedrifta er innovativ og presenterer nyskapande produkt. – Vi blir med på dette, det var han heilt klar på. I dag selges det element til både fritidshus, bolighus og landbruksbygg over heile landet, men sjølvsagt med hovudvekt på Midt-Norge. Over påske blir det altså byggestart – da starter opparbeiding av tomtearealet mellom Talgø-MøreTre-anlegget og fabrikken til Norsk Kvalitetsmat. – Vi har kartet med tomteoversikten liggande på bordet kvar dag og jobber med å finpusse planane og finne dei beste løysingane, sa Hallvard Brusethaug som fortalte at det i dag kjem 5-6 vogntog inn med trelast kvar dag og 10-12 går ut med ferdigvarer dagleg – når utbygginga er ferdig satsar vi på å klare det dobbelte. Elles orienterte Bjørn Hauglann om salet – dei 3 første månadene har bedrifta ein auke på 28% og har for inneværande år budsjettert 400 mill i omsetning. Det er meir enn 10-dobling av omsetninga etter tusenårsskiftet.
Ein ting er iallfall sikkert at dette blir artig, både for Todalen, Surnadal og for indre Nordmøre, sa konsernsjef Terje Talgø som også berørte kommunereformen. Han var ikkje så ivrig på å bli trønder, men hadde håpa på ein sterk region på Indre Nordmøre, med Sunndal og Surnadal i eit tettare samarbeid. SuSu-prosjektet har vist at det er liv laga og kan være med og skape ein sterk region på «Indre».