Etter fleire år med måretta arbeid vart endeleg Talgø MøreTre endeleg tilselt sertifikatet som viser at bedrifta har passert den milepælen det er å bli Miljøfyrtårn. Ei gruppe på Møretre har jobba spesielt med dette som mål og onsdag var det til for å feire saman med ordførar Margrete Svinvik og miljøvernkonsulent Bodil Gjeldnes som troppa opp med ordførarkjede og med romkake til kaffen etter utdelinga av sertifikatet.
Halvard Brusethaug, som er delgeg leiar på Talgø MøreTre orienterte om kor vikig dette miljøarbeidet er fortalte at bedrifta har jobba i mange år for å få dette til. Han hadde mange godord til gruppa som har jobba med dette prosjektet og spesielt til Reinhard Wichmann og Alexander B. Talgø som har hatt den daglege oppfølgjinga av prosjektet med Miljøfyrtårn i Talgø MøreTre.
– Reinhard fortalte at miljø alltid har stått høgt på agendaen på Talgø, men dette prosjektety har gitt oss både erfaring og kunnskap som gjer at vi får strukturert dette arbeidet på ein mykje betre måte. Men Reinhard poengterer at det er no den verkelege jobben tek til, for når sertifikatet er på plass så startar arbeidet med oppfølgjeing og oppdatering slik at vi heile tida kan stake ut rett kurs inn i ei bærekraftig framtid.
No når grunnlaget er gjort for Talgø MøreTre så er også dei andre selskapa i Talgøkonsernet i gang med dette arbeidet, så det blir nok fleire plakatar og fleire blautkaker for ordføraren i tida som kjem. Talgø MøreTre er enno den største bedrifta her i kommunen som har oppfylt krava for å bli sertifisert som Miljøfyrtår.