Talgø MøreTre sitt anlegg på Syltøran har ei lang historie, men mykje av utviklinga har skote fart etter at Talgø tok over anlegget i 1997. I dag har anlegget ein arbeidsstokk på rundt 120, og det er investert store summar på den 180 mål store tomta på Syltøran, der Talgø MøreTre brukar rundt 130 mål og butikkane dei resterande 50 mål.

– Her kjem røra med slokningsvatn – dette er eit beredskapstiltak som vi gjør i lag med kommunen, seier hallvard brusethaug. Foto: Jon Olav Ørsal
Hallvard Brusethaug som er dagleg leiar for Talgø MøreTre og samtidig prosjektleiar for utbygginga som no går føre seg, fortel at Talgø MøreTre dette året investerer nye 100 mill. kroner.
Dei største løfta er nok det nye impregneringsverket, 2 nye royaltankar og nytt høvleri, som til saman utgjer mesta 70,0 mill. Disse prosjekta er i full gang, og det meste skal være klar til igang-køyring rundt komande nyttår.

Heile tomta på Syltøran er på rundt 180 dekar – Talgø MøreTre nyttar rundt 130 dekar – butikkane brukar resten. Foto: Jon Olav Ørsal
Utstyret til det nye impregneringsanlegget er klart for montering i september, og da vil bygget bli sett opp etter at det meste av utstyret er på plass – det tyngste kolliet som skal inn der er nemleg 56 tonn, fortel Brusethaug.
Det er Setra drift som har bygd fundamentet til denne fabrikken, der det er bruka rundt 40 tonn med armeringsstål og 700 m3 betong – eller omtrent 90 lass på 8 m3.