Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Talgø MøreTre satsar for å møte framtida

Jon Olav Ørsal Tysdag 26. august 2025

Sia Talgø overtok anlegget til MøreTre i 1997 har det gått berre ein veg, og det er framover. Det har vore gjort til dels store investeringar i perioden etterpå, for å møte krav til standard og ikkje minst krav til volum på royalproduksjonen. Talgø MøreTre har i dag rundt 500 mill. i omsetning og 92 tilsette på anlegget på Syltøran og nokre i Todalen.

Det nye fyranlegget blir den største enkeltsatsinga som Talgø har gjort, fortel Øystein Halle. Foto Jon Olav Ørsal

På 2000-talet er det gjort utvidingar fleire gong på impregneringsanlegget, og det er investert i nytt høvleri.  No er det fyranlegget som står for tur, fortel Øystein Halle, som er dagleg leiar ved Talgø MøreTre i dag. Det anlegget vi har i dag vil sette grense på rundt 85.000 m3 pr år, og der er vi snart komne.

Arbeidet med det nye fyranlegget er i gang – her er fundamentet under bygging. Dronefoto Bjørnar Brøske

Derfor er no eit nytt biofyranlegg under bygging på Syltøran.  Det gamle anlegget er frå nittitalet, og er modent for utskifting.  Det er i ferd med å bli dyrt i drift, og det sett no andre krav til slike anlegg.  Med årsak i alder og teknisk stand, nye miljøkrav, behov for større kapasitet er det no behov for ei oppgradering.  Det nye anlegget er meir avansert enn det gamle og taklar varmeproduksjon med både tørrflis og råflis.  I tillegg vil nyanlegget gje 2-3 gong så stor kapasitet – nok energi til langt inn i framtida, seier Halle

Anlegget til Talgø Møretre på Syltøran – no er det nytt fyranlegg under bygging. Dronefoto Bjørnar Brøske

Den løysinga vi vil gå for er ein biofyrkjel med kapasitet på 3 MW. Den har og ein el-kjel på 3 MW og ein akkumulatortank som gir ca. 3MW – til saman 9 MW.  Til samanlikning har dagens løysing er kapasitet på rundt 3,5 MW. Heile det nye fyranlegget er ei investering på rundt 100 mill. kroner og er den største og mest avanserte enkeltsatsinga Talgø har gjort.

Det nye fyranlegget blir nok litt ruvande på elvekanten ved Surnas utløp – skorsteinen blir på 27 meter, og saman med akkumulatortanken på 25 meter så blir det mesta eit nytt landemerke på Syltøran.  Den nye investeringa er viktig for Talgø og vidare satsing på treindustri,  Den er og viktig for lokalsamfunnet for å sikre allereie etablerte arbeidsplassar, og ikkje minst nye arbeidsplassar.  I byggeperioden vil det på det meste vare ca. 30 personar i arbeid på nyanlegget. Ein brakkerigg skal settast opp for å sørge for kantine, garderobar og toalett for mannskapet.

Her bygges fundamentet til det nye fyranlegg på Talgø MøreTre – foto Jon Olav Ørsal

Øystein Halle fortel elles at det er bruka lokale entreprenørar på alt så nær som leveransen av sjølve maskinutrustninga som kjem frå Karlstad i Sverige.  Eller er det Erik Magne Ranes som står for opparbeiding av tomta, Setra Drift på bygget som blir bygd med element frå Talgø Bygg.  Svorka står for det elektriske, medan Rørservice skal sørge for røyrleggjararbeidet.  Dette er vi veldig godt fornøgd med seier Halle til slutt.

Hobbyflygar – Droneflyging er den store hobbyen for Bjørnar Brøske som jobbar i administrasjonen på Talgø MøreTre – foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 26. august 2025, 16:08