3 store danske semitrailere dukka opp for å levere nytt målingsutstyr på Talgø i dag. Det er Talgø MøreTre som rustar opp målingsavdelinga, og som skal starte med produksjon av ferdigmåla kledning til byggebransjen. Her var det både store og tunge kolli som vart lossa – det tyngste på heile 8 tonn. Her måtte gaffeltrucken gi opp og ein større kranbil frå Erling Søyset måtte til for å få dette kolliet innomhus.
Det danske firmaet som har levert målingsanlegget startar monteringsarbeidet i den gamle lakkavdeling på Talgø i Todalen. Her er den ein lakklinja demontert og solgt, og heile hallen er pussa opp og har fått nytt epoxy-dekke, og Talgø MøreTre reknar med å være i gang med prøveproduksjonen i løpet av ei veke eller to, seier John Moe ved Talgø MøreTre.