Måndag hadde hadde Talgø Møretre besøk frå Norsk Institutt for bioøkonomi (NIBIO) på Gammelfabrikken. Nimio har rundt 750 tilsette totalt, men det var ei gruppe forskarar, ingeniørar og studentar frå avdeling treteknologi som var her i dag. Utviklingsdirektør Per Otto Flæte og andre leiarar frå Talgø Møretre var vertskap for gjengen som har har hatt omvisning på Gammelfabrikken i dag. Dei skal vidare til omvising på Talgø MøreTre på tysdag, før dei dreg vidare til NIBIOs anlegg på Tingvoll.
Naturleg nok var det mykje fokus på MøreRoyal i dette selskapet, men det var også tid til eit lite historisk tilbakeblikk – Talgø starta her i gammelfabrikken for 125 år sia. MøreRoyal har også eksistert sia 70-talet, men det der først dei siste åra at utviklinga har skote fart. Royalprosessen er da ein velprøvd prosess som gir full råtebeskyttelse og det er ikkje utan grunn at det blir gjeve 50 års garanti på visse vilkår, seier tviklingsdirektør Per Otto Flæte i Talgø MøreTre.
Dei siste par-tre åra har «brannsaka» teke mykje ressursar – både arbeidskapasitet og ikkje minst økonomisk. Her har vi hatt god hjelp av Innovasjon Norg og Skattefunn, men no gler vi oss til å sette fokus på utvikling av nye produkt og nye prosessar. Vi har nytt pilotanlegg og ny labb på Talgø MøreTre, og vi legg ikkje skjul på at dette har vore avgjerande for resultatet, og det vil også få stor betydning i fortsettinga. Elles har vi ein kultur for å utvikle oss her i bedrifta, seier Flæte.
Det er for tida medvind for bruk av tre i bygg. Royal 2.0 som mellom anna består av brannhemmande kledning, er heilt rett i tida og vil gje Talgø MøreTre nye moglegheiter i ein marknad som i dag i hovudsak er Norge og Sverige, men det blir og satsa i andre marked.