Forskningsrådet deler i desse dagar ut millionar av kroner til innovasjonsprosjekt i næringslivet. Innanfor segmentet Skogbruk og bruk av tre deler dei totalt ut 27 millionar kroner, og den største summen i denne runden går til Talgø MøreTre, som får heile 10 millionar kroner til utvikling av miljøvennleg impregneringsmiddel.
Dei siste årene har Talgø MøreTre videreutvikl MøreRoyal-merkevara si, og har siden 2023 introdusert den oppgraderte versjonen, som er klassifisert i brannklasse D. Med innovasjonsmidlane frå Forskningsrådet, ønsker dei å vidareutvikle MøreRoyal og på sikt oppnå brannklasse B.
Les heile tildelinga frå Forskningsrådet
Forskingsprosjektet skal sjå nærare på korleis ein kan oppnå brannklasse B ved å bruke ligninbaserte additiver i impregneringa. Gjennom prosjektet, som er døypt «RåBra» (for Råte + Brann), eit prosjekt som blir leia av utviklingsdirektør Per Otto Flæte, har Talgø MøreTre eit klart mål om å få til dette.
Målet er å utvikle ein metode for impregnering som reduserer eller heilt fjernar behovet for å tilsette kobbersalter, og gjennom dette redusere vassmengda i trykkimpregneringsprosessen. Får ein til dette, vil den energikrevjande fjerninga av vatn og produksjonstida ved oljekok, bli redusert i høve til i dag.
Dette vil på sikt også kunne føre til auka produksjonskapasitet, for eit produkt som møter fremtida sine krav og etterspørsel til eit berekraftige og miljøvennlege produkt.
Ein kan også lese om saka på Talgø MøreTre sine heimesider