Talgø har hatt ei fin utvikling i nord dei siste åra. Bindalsbygg AS har meir enn dobla omsetninga på nokre år, og oppkjøpet av Bindalslaft vil nok sikre at utviklinga går vidare. Selskapet heiter i dag Talgø Agrobygg, og har tilhald på Bindalseidet i Bindal kommune. – Agrobygg er spesialistar på landbruksbygg, og har eit godt rennome med heile Nord-Noreg som marknad.
Selskapet har i dag godt og vel 20 tilsette, og har ein begrensa elementproduksjon i fabrikken på Bindalseidet der seskapet også blir leia frå. Fabrikken er ein tidlegare båtfabrikk, og har god plass til dagens verksemd på byggefronten. Talgø Invest er majoritetseigar i selskapet medan dagleg leiar Tor Harald Heimsnes og Talgø Agrobygg AS eig resten.
Heimsnes fortel at han har god tru på at det skal bli ei god utvikling på landbruksbygg i tida som kjem, samtidig ser det og ut som Talgø si satsing på Norgeshus-kolleksjonen skal skal gje resultat, men han poengterer at den økonomiske utviklinga vil ha stor betydning for denne framdrifta.
Den siste tida har Talgø Agrobygg vore engasjert i fleire store bygg på heimebane, mellom anna det nye lagerbygget til Bygger’nbutikken på Terråk, så det har i grunnen vore full fart heile tida. No ser det ut til at det kjem i orden finasieringordningar for landbruksbygg skapar optimisme i landbruket, seier Heimsnes.