Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Talgø: – God respons på Dyrsku’n på Seljord

Jon Olav Ørsal Sundag 15. september 2024

Det er travle tider på Talgø Bygg – ikkje før har dei vore på Dyregod i Batnfjorden så er dei etablert med utstilling og stand på Dyrskun på Seljord.  Dyrskun er faktisk norges største utstilling og martnadsopplegg, og ligg i år an til å kome over 100.000 besøkande, fortel Nils Ove Bruset frå Talgø Bygg.  Eit stort område på 160 mål utgjer messeområdet, der det er utstillarar frå heile landet.  For Talgø Bygg sin del er det første året at dei er utstillarar på Dyrskun, og dei har stand i lag med Talgø Agrobygg i Bindal.  

Stor interesse i eit nytt marked. Første gong at Talgø har stand på Dyrsku’n på Seljord. Vi har hatt ein god start konkluderer Nils Ove Bruset Foto Nils Ove Bruset

På Dyrskun er det alle typar utstillingar – mellom anna eit kjempestort telt med berre lokalmat som er skikkeleg profilert.  Elles er det både dyr, maskiner og altmulig du finn på det 160 mål store områadet. Dyrskun starta faktisk på midten av 1800-talet som ei ordinær dyreutstilling med storfe, sauae og andre husdyr. Sia har det berre vokse på og omfattar i dag praktisk talt alt mogeleg. 

Dyrsku’n på Seljord starta alt på midten av 1800-talet som ei vanleg utstilling for storfe, sauer og hestar. I dag finn du altmulig på martnadsområdet som er på rundt 160 mål. Foto Nils Ove Bruset

Nils Ove bruset og Tor Harald Heimsnes som har bemanna Talgø-standen fortel at det har vore bra interesse for både landbruksbygg og andre byggprodukt.  Til å være første året vi har stand her så tykkjer vi at det har vore ein god start, seier Nils Ove. Som sagt reknar arrangøren med eit totalt besøkstal på rundt 100.000 før dei stenger grinda søndag ettermiddag – til samanlikning var det 13.000 som deltok på Dyregoddagane i Batnfjorden.  

Talgø Bygg og Talgø Agrobygg profilerer seg på Dyrsku’n på Seljord – det er første gong dei har stand her. Foto Nils Ove Bruset

Arrangøren reknar med rundt 100.000 besøkane i løpet av dei 3 dagane Dyrsku’n pågår. Foto Nils Ove bruset

Publisert: 15. september 2024, 09:46