Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Talgø blir Stikk UT!-bedrift i 2016 – først ute!

Dordi Jorunn Halle Fredag 15. april 2016

No er det snart tid for ny Stikk UT!-sesong i regi av Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal. Dette opplegget har vorte ein stor suksess dei siste åra, i 2015 vart det registrert heile 180 000 turar fordelt på 10 000 ulike turgåarar! Det er tredje året at Surnadal kommune er med på dette opplegget, og aktiviteten rundt dei tolv Stikk UT-måla i kommunen har auka jamt og trutt.

stikkut

Nytt av året er Stikk Ut!-bedrift. Her Talgø først ute – dei er den først bedrifta i Nordmøre og Romsdal som har meldt seg på opplegget etter initiativ frå Egil Nedal, styremedlem i Friluftsrådet, og Heid Snekvik, marketingsjef for Talgø. Alle avdelingane i Talgø er med, det blir om lag 200 tilsette, fortel Lillian Halle og Øystein Wiig som har ansvaret for opplegget i Talgø. Det er naturleg for Talgø å bli ei Stikk Ut-bedrift, da både fabrikkar, kontorlokale og butikkar ligg midt i smørauget i Nordmørsnaturen! Konseptet er lagt til rette slik at dei tilsette kan bruke mobilapp og nettportal for å finne passande turmål i nærområdet og samstundes registrere eigen turaktivitet. Tilsette som legg til bedrifta i Stikk Ut-profilen sin, blir linka opp mot bedrifta. Da kan dei tilsette i Talgø «konkurrere» mot andre bedrifter, og  bedrifta kan ordne intern premiering. «Det blir premiering for dei tilsette i Talgø,» lovar Nedal, Halle og Wiig. «Viktig at vi trimmar litt, og ikkje berre reiser rundt og tek i mot prisar,» seier Øystein Wiig med eit smil. Talgø har utfordra fleire bedrifter i kommunen til å bli med. Svorka stiller etter det Wiig har fått opplyst. Ola Fremo frå Friluftsrådet melder i dag at det alt er mange bedrifter som har meldt interesse og blir med i Stikk UT!-bedrift 2016, noko han synest er svært gledeleg.

IMG_8075

Egil Nedal er styremedlem i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal og arbeider på Møre Tre. Han gler seg til å Stikke UT! Foto: Dordi J.H.

Spektret av ruter og utfordringar er stort, alt frå lett tilgjengeleg turar som passar både for barnevogn og rullestol, til toppturar som Hjelmen og Ytter Sulå. Både Surnadal, Halsa, Sunndal og Tingvoll er med i Stikk Ut!-opplegget, på Nordmøre og i Romsdal er det 15 kommunar med i alt 179 ulike turmål. Turregistreringa i Stikk Ut! startar 1.mai og varer ut oktober. Snart ville det kome brosjyre i postkassane med opplysningar om turmål og registreringsmåte.

IMG_3959

Svinvikrunden er ein svært populær Stikk UT!-tur. Lett tilgjengeleg og passar for alle. Foto: Dordi J.H.

IMGP7749

På toppen av Ytter Sulå – Stikk UT- turmål, men litt meir krevjande. Foto: Jon Bruset.

Trim er godt både for helse og trivsel. «Dei beste turane er ofte dei du deler med andre, så kanskje blir det også fellesturar,»  seier Wiig og Halle.

Da er det berre å ønske Talgø med sine tilsette og alle andre trimmarar  til lykke med ein god og aktiv Stikk Ut!-sesong!

IMG_6818

Norska er Stikk UT!-tur i Tingvoll kommune. Lett og fin tur! Foto: Dordi J.H.

 

 

Publisert: 15. april 2016, 15:09