Som eit ledd i vidare utvikling i konsernet kjøper Talgø 75 % av aksjane i entreprenørfirmaet Tradbo As frå M. Romuld & Sønner AS. Talgø vil med dette kunne tilby totalentreprise i samband med levering av elementbygg frå eigen elementfabrikk, og med Tradbo som utførande entreprenør, skriv Talgø Invest i ei pressemelding.
Tradbo er lokalisert til Aspøya Fjordsenter i Tingvoll kommune, og har gjennom 35 år hatt eit nært samarbeid med byggvarebutikken til Talgø – Byggmakker Bytås. Dei siste åra har også elementavdelinga i Talgø MøreTre hatt eit tett samarbeid med Tradbo. Kranaskjæret i Vågen i Kristiansund er kanskje det samarbeidsprosjektet som har vore mest synleg. Der har Tradbo vore utførende entreprenør og engasjert av Talgø.
Talgø har i lang tid opplevd etterspørsel om å kunne tilby totalentreprise, der kunden har kunna hatt eit eller få kontaktpunkt i byggeprosessen. med byggvarebutikkar, elementfabrikk og utførande entreprenør same konsert er no dette ein realitet og ei smidig løysing som nok marknaden etterspør. Engasjementet i Tradbo vil gje oss store fordeler både marknadmessig konkurransemessig og ikkje minst internt, og vi er godt rusta for framtida, seier konsernsjef Terje Talgø.
Øvrige eigarar i Tradbo er Tingvoll interiør med 10%, og resterande er mindre postar fordelt på tilsette og tidlegare tilsette. Tradbo består i dag av 18 tilsette og representerer ei årsetning på rundt 25.0 mill. Overtakelsen medfører inga endring i organisasjon eller drift hos Tradbo AS, og selskapet vil også i fortsettinga bli leia frå selskapets kontor på Aspøya Fordsenter