Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Talgø bidreg med nye møblar på HIPS

Jon Olav Ørsal Laurdag 27. februar 2016

Fredag var ein delegasjon frå HIPS (Halsa interkommunale psykiatriske senter) på Gammelfabrikken for å planlegge møblering av rom som er under oppussing. Det er 4-5 rom som er bruka til rehabiliteringsprosjektet ”Det skal være lett” som treng nye møblar, og Talgø har lova å være bidragsytar for å spe på tronge prosjektbudsjett.

HIPS_omvisningGF_7102

På Hips skal det møblerast 4 rom for bebuarane og felles stua/kjøken. Foto: Jon Olav Ørsal

– Vi tek samfunnsansvar og vil gjerne være bidragsytar til dette prosjektet, seier PU-sjef Anita Talgø, og tykkjer det er fint å kunne bidra til at bebuarane kan få det litt triveleg i den ”nye heimen sin” når dei skal førebu seg på å møte kvardagen etter at dei er ferdig med rusbehandling. Det blir no nye møbler både på rommet til den enkelte bebuar, og i fellesrom/kjøken no når oppussinga er ferdig i løpet av ein månads tid.

Frå HIPS var det styrar Else Bjørkås, prosjektleiar Gøran Tamminen styreleiar Stig Ove Rosvoll og brukarrepresentant Ragnar Halle som deltok på møtet. Dei tykte sjølvsagt dette var ein eineståande sjanse til å få fullført arbeidet med fornying av butilbodet.

Litt fakta
Prosjektet «Det skal være lett» er eit samarbeid mellom kommunane Surnadal og Halsa og Helse Møre og Romsdal, ved distriktspsykiatrisk senter i Kristiansund og Halsa Interkommunale Psykiatriske Senter.
Målet for prosjektet er utvikling og utprøving av ein ny samhandlingsmodell innan rusfeltet. Sentralt i arbeidet blir å utvikle forpliktande tenesteavtalar mellom prosjekteigarane.

HIPSpåGF_7098

Fra venstre Stig Ove rosvoll, Anita Talgø, Else bjørkås, ragnar halle og Gøran Tamminen. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 27. februar 2016, 18:52