Energiregion Møre i samarbeid med Svorka inviterte i fjor 11 bedrifter i Surnadal, Rindal og Halsa til motivasjonsmøte for å komme i gang med eit pilotprosjekt for energiøkonomisering. Talgø Møbelfabrikk, T-Komponent og MøreTre er tre av i alt 9 nordmørsbedrifter som vart med på første del, som gikk ut på å gjennomføre ei enkel energianalyse av bedrifta, fortel rådgjevar Einar Oterholm i Energiregion Møre.
Åtte av dei ni bedriftene vart med vidare til neste steg i prosessen, og er gått saman i eit forpliktande samarbeid i eit nettverk, Energinettverk Svorka. Dei har fått eit tilskot på ca 1,9 mill. over ein 3-års periode til prosjektet. Denne støtta skal brukast til å engasjere ein prosjektleiar som skal hjelpe bedriftene med arbeidet. prosjektet blir leia av ei prosjektgruppe og dei har tilsett Glenn Solevåg frå Enøk-sentret i Ørsta som prosjektleiar.
Det første som skal skje er at han besøker alle bedriftene og går gjennom og hentar inn dei nødvendige informasjonane om energibruken i bedriftene, for å kartlegge mulege tiltak for å spare energi. Allerede på første runde vart det avdekka muligheter for at dei 8 bedriftene tilsaman kunne spare om lag 4 GWh årleg, til ein verdi på nærare 4 millionar.
16. november skal den første nettverkssamliga skje, og da vil i tillegg bedriftsleiar og energiansvarleg i kvar av bedriftene bli invitert til møtet, seier rådgjevar Einar Oterholm til Todalen.no.