Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Talgø: Premiere for nye websider

Talgø: Premiere for nye websider

Jon Olav Ørsal Måndag 14. januar 2013

Måndag hadde Talgø premiere for sine nye websider på www.talgo.no. Dei nye websidene er heilt nyutvikla, og den største endringa er nok at fokus er skifta frå produksjonsstad til produkt. Alle produkta kjem no frå Talgø, og er samla i produktgrupper. Enkelt og oversiktleg, og med låg brukarterskel for å finne fram, seier marketingsjef Heid Snekvik.

Ho fortel vidare at det har vore ein omstendeleg prosess med å bygge opp de nye websidene, der marknadsavdelinga har hatt eit tett samarbeid med fabrikkane om innhaldet. De nye sidene har gjennomgått ei modernisering både layoutmessig og funksjonsmessig, og er sjølvsagt tilpassa bruk av både Ipad og telefon. Det er Bennet som har stått for programmeringa, medan marknadsavdelinga har stått for design og publisering.

Websidene har også fått betre søkemotoroptimalisering, slik at det blir lettare for brukarane å finne det dei leitar etter. Samtidig er sidene enkle å oppdatere og halde vedlike for Talgø, noko som var tungvint og tidkrevjande for dei gamle sidene.

Dei nye websidene er ein del av prosessen med felles branding for Talgø-selskapa, som no har Talgø som felles varemerke og logo, seier Heid Snekvik som til slutt inviterer deg inn på dei nye websidene på www.talgo.no.

Publisert: 14. januar 2013, 23:26