Denne veka har Talgø-bedriftene MøreTre, T-Komponent og Talgø Møbelfabrikk delteke på byggvaremesse på Hamar der byggvarekjeda XL-Bygg var arrangør.
Talgø har godt samarbeid med XL-Bygg, og har markert seg skikkeleg på messa. XL-Bygg er ein stor aktør i det norske byggvaremarkedet, og Talgøbedriftene er sterkt inne med både bad, garderober og ferdigmåla panel.
På årets messe var det sett stor fokus på Møre Royal-produkta frå MøreTre som var med på messa for første gong. Salgssjef Bjørn Hauglann fortel at det var stor interesse for Royal-produkta og egenskapane dei har. Det vart knytta mange nye kontaktar som dei skal jobbe vidare med utover våren og som dei ventar seg resultat av. Alle foto: Brynjar A. Moe


