Frå 1. januar overtek Talgø drifta av lageret på Vinstra. Dei vil da auke leigearealet frå 10.000 m2 til å leige heile lageret på ca 20.000 m2, og eit eige Talgø-selskap vil frå same dato drifte lageret. Handelshuset Martinsen flyttar si lagerverksemd til eige lager på Jevnaker. Det nye Talgø-selskapet vil få 15-20 ansattte og får eiga leiing.
Talgøkonsernet har hatt ei positiv utvikling dei siste åra, og denne trur dei vil fortsette. Dette har gjort det naudsynt å auke lagerkapasiteten. Talgøbedriftene T-Komponent, MøreTre og Talgø Møbelfabrikk har alle mellom 20 og 40 % omsetningsauke hittil i år. Det nye selskapet vil bli ein sentral og effektiv aktør for distribusjon og logistikk i konsernet, seier konsernsjef Terje Talgø til Todalen.no