Onsdag var avtalen med Bindal kommune om overtaking av Bindalsbruket ferdigforhandla og alle detaljane på plass. Torsdag vart avtalen om salg av Bindal kommunes aksjar behandla i kommunestyret, der avtalen einstemmig vart vedteken. Dermed var det klart for signering av avtalen etter kommunestyremøtet som denne gongen vart avvikla i lokalene til Bindalseidet skule. Dermed er formalitetane rundt kjøpet klare, og Talgø Invest AS tek over Bindal kommunes aksjepost på 97,15%. Dei resterande aksjane er eigd av Frithjof Plathe og Einar Bangstad.
Bindalsbruket er på same måte som Talgø ei tradisjonsrik hjørnesteinsbedrift i et lite lokalsamfunn. Gjennom denne avtalen blir no over 200 års fagkunnskap om tre samla, og det er med stor respekt for lokalsamfunnet og med stort engasjement for å lykkast at Talgø no går inn i selskapet. Inner- og ytterdører er hovedprodukta til Bindalsbruket gjennom Trenor dører, og det passar glimrande inn i Talgø sin eksisterande kolleksjon som famnar om både innvendige og utvendige byggvarer.
Arne Rudningen blir dagleg ledar i den nye Talgø-bedrifta i startfasen. Arne har fartstid heilt attende til 1992 i Talgøkonsernet, og kjem no frå stillinga som innkjøpssjef. Han skal lede bedrifta i ei omstillingsfase som er naudsynt.