I dag vart dugnadsgjengen samla for å legge torvtak på gapahuken på Tjønnmyra. I samband med bygging a ny lysløype her vart det sett opp ein stor gapahuk, slik at det skulle være ein plass å kome under tak. Gapahuken har mange fasilitetar og er nok medverkande årsak til at anlegget er så mykje bruka – både vinter og sommar.
Per Gjeldnes frå Gjeldnes Maskin sørga for at jord og torv vart løfta opp på taket, og dugnadsjengen jamna jorda utover taket. Det tok berre 2-3 timar for å legge grunnmursplast og torv, så var taket klart. Til neste sommar er nok taket grønt og fint.
Som sagt er gapahuken mykje bruka både til vinter- og sommaraktivtetar. Lysløypetraseen er så jamn og fin at den godt kan anbefalast både til barnevogn og til rullator i tillegg til vanlig trimløype på sommars dag og skiløype på vinters dag. No i sommar har det vore mange som har nytta seg av rundturen grå Gammelfabrikke, opp Falla og utover lysløypetraseen – og nedover skogsvegen mot Bjøråa og attende til Gammelfabrikken.
Gapahuken kan også brukes til bursdager og liknande arrangement – det er gratis for medlemar medan andre kan vippse nokre kroner for bruken av fasilitetane på Tjønnmyra.
Bilder frå gapahuken på Tjønnmyran – alle foto: Jon Olav Ørsal