Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Takstmann Øyås utvidar

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 22. mars 2025

Takstmann Øyås har dei siste åre opplevd sterk vekst, og er no på utkikk etter takstkonsulent/takstingeniør i Trondheimsområdet. Kontorsted vil vere Vestre Rosten i Sigmasenteret. Stillinga vil i hovudsak vere innan skadetaksering. Takstmann Øyås er fleire gonger kåra til  «Gasellebedrift» og har tilsette og samarbeidspartnarar som dekker Midt-Norge, Innlandet og nedover vestlandet. 

Typiske arbeidsoppgåver vil vere: 

  • Taksering og oppfølging av bygningsskadar etter brann- og vannskadar
  • Skadevurderingar etter naturskadar og etter kvart komplekse skadar.
  • Kalkulasjon av bygningsskadar
  • Utarbeide konkurransegrunnlag og følge opp tilbodsprosessar
  • Vurdering av utbedringsmetodar og framgangsmåtar for å utbetre skadar
  • Oppfølging av utførande og fremdrifta i skadesaker, vere ein god og proaktiv premissgjevar
  • Ha fokus på kundebehandling og stimulere til god samhandling med alle som er involvert i skadesaka

Arbeidsstad vil vere i tilknytning til Takstmann Øyås sitt hovudkontor i Surnadal og kontoret i Trondheim, med moglegheit for fleksible løysingar. Ein må rekne med noko reiseverksemd i perodar med mange og store oppdrag.  

Har du lyst til å bli ein del av Takstmann Øyås sitt team, gå inn på ledig stilling Takstmann Øyås for å finne meir informasjon og for å søke på stillinga. 

Publisert: 22. mars 2025, 08:23