Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Takstmann Øyås kåra til «Gasellebedrift» for tredje gong

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 20. desember 2024
Takstmann Øyås AS er kåra til «Gasellebedrift» for 2024. Dette er tredje gongen Takstmann Øyås får denne utmerkinga, noko dei i ei pressemelding på ettermiddagen i dag seier seg særs godt nøgd med. I år topper dei det heile med ein vekst på 238,41%, noko som er eit resultat av utvikling, kompetansebygging og dedikert arbeid utført av bedrifta sine takstkonsulentar. 
 
Kriteria for å bli ei «Gasellebedrift»:
  • Levert godkjente regnskaper.
  • Positivt samlet driftsresultat.
  • Minst doblet omsetning over fire år. For unngå utilsiktede korona-effekter, er det også innført krav om dobling både fra tre og fire år før siste regnskapsår.
  • Unngått fallende omsetning. 
  • Omsetning på over en million første år og fem milioner siste år. 
  • Har vært aksjeselskap. 
Dette er ikke bare en pris, men en bekreftelse på hva som kan oppnås når man kombinerer faglig tyngde, kvalitet, utvikling og et sterkt fokus på kundens behov, seier ein godt nøgd Nils Håvar Øyås, dageleg leiar i Takstmann Øyår. 
 
Med 18 dyktige takstkonsulenter – med solid erfaring innen bygg og eiendom – leverer vi pålitelig, objektiv og kvalifiserte tjenester over hele landet, legg han til. 
 
Øyås nyttar høvet til å takke alle dei fantastiske tilsette og samarbeidspartnarane for innsatsen. Og ikkje minst takkar han alle kundane for tilliten. – Sammen skaper vi vekst og suksess, avsluttar han 
 
No blir blikket retta mot 2025, som blir eit nytt spennende år i for Takstmann Øyås.
Publisert: 20. desember 2024, 18:11