Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Takstmann Øyås AS – Etablerer seg i Romsdal

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 18. desember 2020

Takstmann Øyås AS, frå Surnadal, fortsett å ekspandere, denne gongen gjennom å etablere seg med avdelingskontor i Molde. Dagleg leiar, Nils Håvar Øyås i Takstmann Øyås AS, fortel at dei over lengre tid har hatt aukande oppdragsmengd, og at dei difor ser at det er eit behov for å utvide firmaet for å kunne møte den auka etterspørselen.  

At det vart Molde som vart valt, er eit strategisk val. Det vart etter kvart klart for oss at vi måtte auke nærværet i området, og Molde og omegn er ein spennande marknad for oss. Når vi da i tillegg var så heldige å få Per Rune Bendixen med oss på laget, så kunne etableringa i Molde realiserast, seier Øyås.   

Det er den nytilsette Per Rune Bendixen som møter kundane ved avdelingskontoret i Molde. Han har mange års erfaring frå takstbransjen, og har allereie eit godt etablert nettverk. Han er fagleg dyktig og har solid og relevant bakgrunn. Dette gjer at han er godt egna som takstmann ved det nye avdelingskontoret vårt, avsluttar Øyås. 

Takstmann Øyås AS har i dag 6 tilsette og har og er nærverande i Surnadal, Soknedal og Molde. Dei tek på seg oppdrag i heile regionen som strekker seg frå Fosen i nord til Molde i sør. 

 

Publisert: 18. desember 2020, 12:40