I formannskapsmøtet i Surnadal sitt møte sist tysdag vart det samrøystes vedteke at Todalen Meieri AS fekk tilbod om å kjøpe Todalen skule for 1 krone. I kommunedirektøren si innstilling til formannskapet, hadde han innstilt på at Todalen Meieri AS skulle få kjøpe heile oppvekstsenteret for 650.001 kroner, men dette sa altså formannskapet samrøystes nei til. I formannskapet sitt vedtak fekk meieriet ein forkjøpsrett på Todalen barnehage, ved eit eventuelt seinare sal av denne.
Todalen Meieri AS har no gjeve beskjed til både Surnadal kommune og Innovasjon Norge om at dei går vidare med planene om å etablere meieri heime på garden i Utigarden på Kvennset, og takker dermed nei til tilbodet om å få kjøpe Todalen skule for 1 krone. – Grunnen til at vi vel å ikkje å kjøpe, er at vi ikkje fekk med tilstrekkeleg uteområde rundt skulen for å kunne realisere planene våre og nok areal til parkering, seier Asgeir Longva til Todalen.no. Han er både overraska og skuffa over formannskapet sitt vedtak.
Les protokollen frå Surnadal formannskap i saka
Driva har skrive om saka, og den kan du lese på – Overraska og skuffa, men satser videre på gården – driva.no. Krev abonnement.