Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Takkar kundane for tilliten…

Jon Olav Ørsal Torsdag 7. juli 2016

Lars Kristian Todal, som er dagleg leiar hos Sveen Auto, er audmjuk når han fortel om bilsalet det siste året. Dei enda opp med 194 bilar på salsstatistikken  i 2015 – Det tykkjer han er bra, og spesielt når ein tenkjer på turbulensen som var rundt VW-konsernet i fjor haust.  I 2016 ligg dei så langt an til å slå denne rekorden, fortel Todal.

Tiguan3_1159

Tiguan’en på Todalstur – med Snøfjellet og skeringfjellet i bakgrunn. Foto: Jon Olav Ørsal

Når dei går inn i juli og dermed har gjort unna 1. halvår, er det selt 108 bilar hittil i år. For  personbilar er det Golf-modellen i alle variantar som er største enkeltmodell. Den kan leverast både som diesel, bensin og ladbar hybrid.  I nyttelast-sektoren er det nok Caddy som er storseljaren i år, – som det har vore i fleire år no. Det er stor aktivitet med andre ord, og i dag er det 13 fast tilsette i firmaet, fortel Todal, og legg til at det i tillegg er 3 ekstrahjelper som bidreg til den daglege drifta. Firmaet omsette i fjor kjørety og verkstadtenester for rundt rekna 55 millionar.

Tiguan_HalsOil_1207

Måtte sjølvsagt prøve verdas beste drivstoff på bilen! Foto: Jon Olav Ørsal

Men den store stoltheita i dag er nok den nye VW Tiguan. Både Lars Kristian Todal og Arnbjørn Heggset blir ivrige når dei viser fram den nye Tiguan-modellen. Den har dei alt  selt fleire av, og dei har store forventningar til den. Tiguan har det nye firehjulstrekksystemet 4Motion Activ Control og mange motor- og utstyrsvariantar fortel dei, og overtalar lett ein stakkar til å prøve kjøre ”vidunderet” ein dag eller to.

Speedometer_1564

Digitalt instrumentbord med mykje informasjon og mange funksjonar lett tilgjengeleg som knappar på rattet på rattet. Foto. Jon Olav Ørsal

Hoppet var nok stort frå ein analog 2006-modell Touran, til dette digitale vedunderet med avanserte instrument. Men det gikk lettare enn eg trudde og var faktisk lett å bruke. Tenkjer da på kjørekomputer, digitalt instrumentpanel og ikkje minst lydanlegg med integrert telefon. – Men hoppet var nok minst like langt tilbake til ”gammalbilen” igjen etterpå – det har da tross alt skjedd ein del i bil-verda i løpet av dei siste 10 åra…….

Navigasjon, lydanlegg og telefon i eitt og same panelet var kjekt.  Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 7. juli 2016, 08:44