Kva gjer ein frossen organist når bilen punkterer i tidsklemma mellom to lysmesser ein desemberkveld? Søndag vart eg skikkeleg opprådd. Men uhellet skjedde heldigvis attmed julegrantenninga i Todalen, og der er hjelp og omtanke aldri langt unna. Ola Einar, Knut og fleire sprang seg til, jekka, skruva – og på eit blunk var reservehjulet på plass! Og May kom med varm gløgg. Eg rakk akkurat jobben i Stangvik-kyrkja etterpå – oppvarma av både gløggen og hjelpa. Hermed sagt ein stor takk!
Bernt G. Bøe